Månedens hund mai 2020. NO47993/18 Klinga

Født: 28.05.2018

Eigar: Sverre Rinden og Gro Åmlid, Valle i Setesdal

Oppdrettar: Per Ivar Ormestad, Ramnes

Mor: NO41616/11 NJCH Tatra

Far: NO34662/14 NJCH SJCH NUCH RR ST-Hempa

Jaktprøver: 2×1 ÅP, 2×3 EP, 1×1 EP, 100% jaktpremiert

Utstillinger: Excellent (JK)

Palmehelga 2018 henta vi Tatra heim til oss. Vi hadde avtale med oppdrettar Per Ivar Ormestad om at ho skulle vere saman med familien vår frå paring til valpar var levert.

Valpane vart født ved hjelp av keisarsnitt, heile 13 livlege valpar kom til verden 28.05.2018. Starten var dramatisk, ein etter ein døydde. Etterkvart fann veterinærinstituttet ut at dei døydde av e-coli bakterie og med rette medisinar redda vi 6 valpar med god hjelp av Per Ivar og pappa (Birger).

Valpane blei heile familiens sjarmtroll denne sommaren, målet var å sosialisere dei på alle tenkelege måtar. Det var ei morosam tid for store og små. Vi klarte også å få til ein liten ferietur på Sørlandet til Gunnar Kristiansen og familien, der fekk vi slå opp telt og Gunnar hadde rigga til valpegard i hagen for oss.

Etterkvart var valpane leveringsklare og vi hadde valgt ut Klinga til å bli familiens nye familiemedlem.

Frå Klinga var 4 månader og ut sesongen hadde vi hatt fleire fine losar med ho.

Spenninga var stor då vi skulle starte opp med ungbikkja hausten 2019. Klinga jaga stabile premielosar frå første dag og eg meinte ho var klar for prøvestart allereie i starten av september.

Så kom hundesjukdomen som sette ein aktivitetstopp på alle prøver som gjorde til av vi måtte utsette prøvestarten. Gro meldte også på Damekampen i Nittedal som ho hadde delteke på kvart år sida starten i 2011, men denne blei også dessverre avlyst.

Då det vart opna opp att for prøver «hoppa» me i det. Noko som resulterte i 1. ÅP barmark berre 15 månadar gamal.

Etter dette kom det ein noko vanskelegare periode med lauvfall og store nedbørsmengder, så neste prøvestart blei utsett til midten av november då vi fekk ein ny 1.ÅP og var klare for EP.

Målet for sesongen var allereie nådd, men eg skjønte at 1.EP var innafor rekkevidde, så her var det bare å køyre på.
På Telemark HHK si vinterprøve i slutten av februar klarte vi også dette målet og fekk ein 1.EP på barmark. Før dette hadde vi også oppnådd 2X3 EP.

Ei oppsummering av sesongen viser totalt 43 slepp.
Av desse er 8 prøvedagar med resultat: 4×1 pr, 2×2 pr, 2×0 pr.

Må også nemne at kullbror Rikko til Stein Inge Rinden har 2X1 ÅP, med 76 eigenskapspoeng (204 kp) som beste resultat.

Klingas store styrke er god sporforfylging og eit veldig effektivt tapsarbeid.
Står på og gjev sjeldan opp.
Ho har i mine øyrer eit veldig livleg og klangfullt mål, dette er noko eg sjølv setter veldig høgt. Har eit fantastisk gemytt og er heile familiens kjæledegge.

Mvh
Sverre Rinden

Posted in Heder & ære, Månedens hund.